Prosjekt “Barnestevnet 2019”

Hovudfokuset vårt første halvdel 2019 var å produsere innhaldet til Barnestevnet 2019 på BCC sin årlege sommerkonferanse på Oslo Convention Center ved Sandefjord.  Vi samarbeida med Aktivitetsklubben i Bergen og oppgåva gjekk ut på å planlegge to samlingar for barn fra 4-12 år.

Barnestevnene har lange tradisjonar hos oss, og for veldig mange barn er nettopp barnestevnet høgdepunktet under sommerkonferansen.  Det var med stor ydmyket, men også med begeistring vi gjekk i gang med å utvikle eit konsept.

“Jesus er min venn” var temaet på barnestevnet.  Gjennom sang, skodespel og animasjons- film ønskte vi å fortelle at Jesus er ein ven som er på mi side, ein som alltid er med meg og forstår korleis eg har det, ein eg kan snakke med og få hjelp og støtte fra i vanskelege situasjonar.

Dette var eit lærerikt og spennande prosjekt.  Barna leverte på eit høgt nivå både med sang og skodespelarpresentasjonar, og gjennomføringa gjekk strålande.  Totalt var ca. 60 av medlemmene i BKM Hallingdal i aksjon desse to dagane under sommarkonferansen.

Image
Image
Image
Image