Fra Styret

Året 2019 var eit aktivt og godt år for BKM Hallingdal som held til på Øyni Konferansesenter i Ål kommune. BKM står for Brunstad Kristne Menighet, eit kyrkjesamfunn som er ein del av det internasjonale kristne kyrkjesamfunnet Brunstad Christian Church (BCC).  

Styret for BKM Hallingdal har som hovedoppgåve å skape aktivitet og å sikre at trussamfunnet sine økonomiske midler vert forvalta i samsvar med føremålet slik at økonomien er sunn på kort og lang sikt. I tillegg ser vi det som viktig at trussamfunnet til ei kvar tid fyljer alle relevante myndighetskrav. Som eit ledd i dette har vi knytta til oss ein ekstern revisor. 

Verksemda er basert på frivillige gåver og eigenmotivert dugnadsinnsats av medlemmene våre. Ingen utfører løna arbeid i trussamfunnet. Ved utgangen av 2019 hadde BKM Hallingdal ein sunn og føreseieleg økonomi takka vere stor oppslutning fra medlemmene. For at det skal vere mogeleg å gjere fremtidige investeringar og gjere oss mindre sårbar for økonomiske svingningar i samfunnet elles, starta vi i 2019 med å byggje opp eigenkapitalen.  Dette vil halde fram i 2020.  

BKM Hallingdal har eit nært samarbeid med BCC sentralt. Det er inspirerande å ha ein proaktiv og nytenkande sentralorganisasjon i ryggen. BCC har observatørstatus i Norges Kristne Råd og søkjer om fullt medlemsskap fra 2022.  Vi har store forventningar til dette samarbeidet som vil styrke innsatsen med å fremje dei kristne verdiane i Norge.

Gjennom året vart det i regi av BCC arrangert aktuelle kurs og seminarer for å byggje kompetanse i lokalmenigheter, til dømes innan økonomistyring og tiltak for å sikre eit inkluderande og sunt miljø for barn og ungdom i alle aktivitetar som skjer i regi av forsamlinga. BCC driver også eit utstrekt misjonsarbeid og det vert satsa spesielt på barn og ungdom. Det er ei glede for BKM Hallingdal å bidra økonomisk i dette arbeidet.

Styret vil takke medlemmene våre for giverglede i 2019 som skaper eit godt grunnlag for å kunne lukkast med vidare planer og drift av BKM Hallingdal.