Brunstad Kristelige Menighet Hallingdal

Brunstad Kristelige Menighet Hallingdal

Brunstad Kristelige Menighet Hallingdal (BKM Hallingdal)

Trussamfunnet sine hovudoppgåver er å drive kristen forkynning og oppbygging og å tilrettelegge for trivsel i fellesskapet. Det er eit mål at alle skal føle seg inkludert, respektert og verdifulle. BKM Hallingdal driv eit utstrekt frivillig arbeid for alle aldersgrupper. Av ca. 175 aktive medlemmer er meir enn 45 prosent under 20 år. Det lover godt for framtida. Mykje av trussamfunnet si verksemd er derfor retta mot dei under 20 år. Medlemmene i BKM Hallingdal fordel seg aldersmessig om lag slik: 66 medlemmer er under 18 år, 52 er mellom 18-36 år og 57 er over 36 år. 

 

Litt om vår historie

I byrjinga av 1900-talet starte ei kristen røsle i Norge med utgangspunkt i Johan Oscar Smith si forkynning med ei overtyding om forlating for syndene berre ved tru og ein heilag livsførsel ved lydnad mot Guds ord i Bibelen. Med spesiell omsorg for og handlekraft rundt barn og unge sine behov sette han ein standard for oss som vi ynskjer å føre vidare. Dette er tradisjoner som BKM Hallingdal står for og praktiserer i dag.

 

Johan Oscar Smith var i marinen og patruljerte langs heile kysten.  Skipet han var om bord i, hadde landligge mange stadar og Smith nytta høvet til å knyte kontakt med andre truande på staden.  Etter kvart gav han og broren ut bladet «Skjulte Skatter» som fekk mange lesarar over heile landet. I Hallingdal byrja det med nokre få interesserte her og der som møttest hos kvarandre til husmøter og las fra bladet saman. Dei vart gjerne kalla «Smiths Venner» på folkemunnet. Fra byrjinga av 30-talet og fram til midten av 50-talet var det sommarstevner på Nesbyen der etter kvart fleire hundre vener fra heile landet og mot slutten også fra nord-Europa var samla ei veke i juli. Stevnene var svært viktige for utbreiinga av forkynninga i Norge og i utlandet. Seinare vart Brunstad ved Melsomvik i Sandefjord kommune den sentrale møteplassen for medlemmer fra inn- og utland.


I Hallingdal har trussamfunnet hatt tilhengarar sidan 1920-talet.  Fram til slutten av 70-tallet var det husmøter i Hemsedal, Nesbyen og på Ål. Av og til kom dei saman til fellesmøter også. Antal medlemmer auka og rundt 1980 bygde vi eit felles forsamlingshus på Gol. Etter kvart vart dette for lite for dei ca. 175 medlemmene, hovudsakleg unge.  Før jul 2013 flytta vi inn i nytt forsamlingshus på Øyni i Ål kommune. Dette konferansesenteret er eit aktivitetsbygg som vil huse BKM Hallingdal sine aktivitetar langt inn i framtida. Det var ei stor oppleving for barn, unge og eldre da Øyni Konferansesenter sto ferdig etter nesten to års byggetid på dugnad. Forstander er Morten Sjemmedal.  Bygget vert også leigd ut til eksterne arrangørar.

Samlingar og aktivitetar

Trusoppbygging er kjerna i alt det BKM Hallingdal driv med.  Aktivitetsnivået er høgt kvar veke med både lagidrett inne og ute, sang- og musikkøvingar, søndagsskole, mediaarbeid og ulike samvær for oppbygging. 

Det er fellessamlingar for alle aldersgrupper kvar søndag som er offentlege og opne for alle interesserte. Ofte brukast heile dagen til trivsel og fellesskap, gjerne med matservering. Av og til har vi også besøk fra andre lokalmenigheter. I tillegg har ungdommen eigne samlingar i veka.  Om sommaren arrangerast også ulike uteaktivitetar og utflukter.

Møtene våre har ingen bestemte ritualer.  Alle kan delta med bøn, forkynning, sang, musikk og andre innlegg som passer inn i oppbygginga.  Eit møte varer normalt rundt ein og ein halv time.  BKM Hallingdal legg vekt på at kvart medlem skal ha fridom til å utøve omsorg for de andre og for fellesskapet.  Det er eit særleg ansvar for alle og ikkje minst leiinga, å legge til rette for at yngre personar både får ansvar og høve til å lære og utvikle seg i denne omsorgstenesta.

BKM Hallingdal feirar alle offentlege høgtidsdagar og har ofte festlege samvær i samband med desse. I tillegg kan det vere spesielle festarrangement i samband med jubileer og liknande. To ganger i året har vi “Brunstadfest” der vi tek del i ei verdsomspennande sending via BCC sin eigen TV-kanal BrunstadTV. Alle forsamlingar i heile verda kan da følgje desse som vert arrangert av ulike lokalmenigheter.  Formålet med desse festane er å knyte medlemmene tettare saman i trua og å støtte opp kristen misjon- og menighetsdrift i sentralforeningen BCC.

BKM Hallingdal har vigselsrett og arrangerer vigslar, bryllaup og konfirmasjon. Vi praktiserer også vaksendåp og nattverd.

BKM Hallingdal er nært knytta til Brunstad Christian Church som har hovedkontoret i Oslo.  I tillegg leiger trussamfunnet konferansesenteret på Oslofjord i Sandefjord kommune til internasjonale stevner, og medlemmene dreg dit fleire ganger gjennom heile året.  Spesielt er sommarstevnene i juli og august viktige der det er hovudfokus på barn og unge.  Desse stevnene har opp mot ti tusen besøkande fra ca. 45 land i heile verda. Alle samlingane vert sendt via internett og satellitt world-wide for å drive misjon og knyte medlemmene saman på tvers av landegrenser.

Medlemmene våre

Medlemmene våre

Barna

Barna får mykje merksemd på samlingane våre. Dei skal føle seg elska og forstått. Vi ynskjer å legge til rette for gode og romslege aktivitetsrammer for denne aldersgruppa. I samband med både 17. mai, St. Hans, julemesser og julefestar, skidagar og andre høver vert det arrangert leikar og aktivitetar for denne aldersgruppa. Ved aktivitetssenteret vårt på Øyni er det gode og høvelege utearealer med ballbane, leikeplass, skøytebane og andre fasiliteter som nyttast sommer og vinter.

BKM Hallingdal har ca. 45 barn under 13 år og dei fleste kjem til søndagsskolen annankvar søndag. Søndagsskolen som har som mål å gjere innhaldet i den kristne trua levande. Aktuelle tema som vert gjennomgått og som berører barna, er til dømes mobbing, venskap, empati, barmhjertighet og andre etiske tema. Korte samlingar med fengande barnesanger, historier fra Bibelen, samtaler og filmar skaper engasjement. Søndagsskolen har to separate aldersgrupper.

Andre aktivitetar for barna er aktivitetsklubben og sports- og ulike kulturarrangementer. Aktivitetsklubben er ein samarbeidande organisasjon som gjev barna mellom 8 og 15 år eit rikt utval av aktivitetar etter deira ynskjer og behov.  Aktivitetsklubben i BKM Hallingdal er delt opp i aldersgrupper med litt eldre ungdommer som leiarar. Aktivitetane vert planlagde for eit halvt år av gangen og kan foregå på mange forskjellige stadar. Les på www.aktivitetsklubben.org for meir informasjon.

Ungdommen

Dei unge skal oppleve eit trygt og inspirerande felleskap med trivselsaktivitetar, sport og musikk der Bibelen sitt bodskap står i sentrum. 66 medlemmer er mellom 13 og 36 år. Desse er aktive på mange arenaer og har eigne møter med trusoppbygging kvar veke. Dei deltek også i arbeidet på søndagsskolen og Aktivitetsklubben og er elles aktivt med i forskjellige interessegrupper. 

Ungdommer som fyller 15 år, får tilbod om trusopplæring (konfirmasjonsundervisning) i eigne grupper. Undervisninga foregår over ca. eit  halvt skoleår med samlingar kvar veke. Trusopplæringa vert avslutta med ein fest på våren der alle medlemmene i BKM Hallingdal deltek.

Dei vaksne og seniorane

Det er ca. 60 personar i aldersgruppa over 37 år. Dei fleste har familiar og brukar naturlegvis mykje av fritida si på den. Dei tek elles del i dugnadsarbeid og andre fellesaktivitetar. 

Det skal vere meiningsfullt og godt å vere senior i BKM Hallingdal.  Dei er ein aktiv del av forsamlinga og er med på og skape det yrande og friske fellesskapet som kjenneteiknar forsamlinga i dag. I tillegg til dei vanlege møtene, arrangerar dei eigne seniortreff både privat og på Øyni. Dei tek del i dugnadsaktivitetar og dreg på turar saman.

BKM Hallingdal sett i eit samfunnsnyttig perspektiv

Å gje ei objektiv vurdering av noko ein sjølv er ein del av er ikkje lett. Vi trur likevel at vi er med på å tilføre lokalsamfunnet og landet som heilheit noko verdifullt.  Det er eit overordna mål for alt barne- og ungdomsarbeid å legge ein solid grunnvoll i den komande generasjonen slik at dei kan bli samfunnsnyttige borgarar og bruke evnene sine i den verdiskapinga som samfunnet treng for ei bærekraftig utvikling. Derfor oppmodar vi ungdommen til å ta utdanning og vere entreprenørar i sine eige liv. 

Så sant vi kan skal vi bære våre eigne byrder og ikkje vere samfunnet til last. For å skape gode haldningar og forståing for dette prøver vi å engasjere barn og ungdom i sunne aktivitetar og å ta ansvar for seg sjølve og dei rundt ein.  “Ein må lære å yte før ein kan nyte,” bør vere eit motto for alle som skal bli vaksne. 

Stabilitet og foreldre som er glad i kvarandre og barna sine er ein av dei viktigaste faktorar for ei sunn utvikling i eit barn- og ungdomssinn. I tillegg ynskjer vi som trussamfunn å vere eit utvida nettverk for omsorg og utvikling.   Derfor brukar BKM Hallingdal store økonomiske og frivillige menneskelege ressursar på å skape det oppvekstmiljøet som samfunnet treng. Det vert også arrangert eigne temakveldar med fagpersonell om korleis vi skal førebygge ulike overgrep spesielt mot barn og unge og auke forståinga hos alle om korleis vi kan ta vare på den oppveksande generasjonen. Å ha gode rollemodellar for barn og unge er også svært viktig.  Derfor har vi eit mentorprogram der eldre ungdommar får trening i korleis dei kan ta seg av dei som er yngre og ta ansvar for mindre grupper.  

Vi har framtidstru og ynskjer å vere eit trussamfunn som er ein aktiv støttespelar for skolen, ordensmakta og alle samfunnsinstitusjonar elles og evner å bygge opp under alt som er positivt, særleg i lokalsamfunnet.

Årsrapporter

Årsrapporter